"Eg vil au nytte sjansen til å tipse om nynorsk litteratur til vinterferien. Boka eg vil trekkje fram, er Sigmund Løvåsen sin roman Nyryddinga frå 2003. Den handlar om ti år gamle Geir som i løpet av ein haust og ein vinter mistar si trygge tilvære da det skjer alvorlege saker og ting i familien hans og på garden der han veks opp. Historia blir fortalt frå Geir sin synsvinkel, og hans spesielle blikk på hendingane gjer at boka til tider er ganske morosam. Likevel passar nok boka best for eldre ungdom og vaksne på grunn av dei vaksne problema ho tek opp. Løvåsen si

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar