onsdag 13. februar 2008

Lesetips!

Mange av dykk har sagt at de ønskjer å lese fleire nynorske tekstar for å få bedre tak på sidemålet. Det å finne gode nynorsktekstar er derimot noko mange synest er vanskeleg. Eg vil difor kome med forslag til to bøker for dei av dykk som ønskjer å ha noko å sjå på i vinterferien. Den fyrste boka er faktisk ei barnebok, nemleg Happy skriven av Linn T. Sunne. Denne boka vann Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2007. Kort sagt er det ei bok om "å vere ny i klassen, lyge og ha pokerfjes som sprekk." Mange vil kanskje seie at de er for gamle for denne boka, men eg vil likevel seie ho er verd å lese både på grunn av sjølve historia og språkføringa. De kan lese meir om Happy her.
Den andre boka de kan ha med dykk i vinterferien er Frode Grytten si novellesamling Bikubesong frå 1999. Dette er ei samling av 25 noveller som alle tek for seg livet til innbyggjarane i ei bestemt bygning i Odda. Mange av dykk har alt lese novella "Dronninga av Burundi" som er teken frå denne samlinga. Også denne boka er vinnar av ein Bragepris og de finn meir informasjon om ho her.

God lesing!

Ingen kommentarer: